Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Språk
Bokmål Nynorsk
Format

Heftet

Bestill vurderingseksemplar
For lærere, fagansvarlige og forelesere
På lager - sendes nå
629,-

Agronomi
Jordkultur

Når vi driv god agronomi, kultiverer og forbetrar vi dyrkingsjorda. Kunnskap om eigenskapane til jorda og ytre forhold som påverkar, bidrar til ein jordkultur – det å behandle dyrka jord – som sikrar god plantevekst. I tråd med dette tar boka opp grunnleggande kunnskap om jordkultur og jord som vekseplass for dei fleste aktuelle plantekulturar.

Agronomi – jordkultur bidrar til å utvikle ei forståing for dei miljø- og klimautfordringane vi no står i. Måten vi arbeider med jorda på har òg mykje å seie for miljøet og samspelet i naturen. Ved å peike på forskjellar på god jordkultur mellom ulike driftsformer, f.eks. ulik bruk av husdyr- eller mineralgjødsel, gir boka deg kompetanse til å arbeide med økologisk så vel som konvensjonell drift. Målet er å basere all jordkultur og planteproduksjon på økologiske og berekraftige prinsipp.

Kompetansemåla som blir dekt, er henta frå programområdet vg2 Landbruk og gartnarnæring, i tillegg til kompetansemåla for vg3 Landbruk og delar av måla i vg3 økologisk landbruk.

Agronomi – jordkultur nettressurs tilbyr ein illustrert omgrepsdatabase, ekstra oppgåver og undervisningsopplegg. 

Svein Skøien er utdanna ved Norges landbrukshøgskole (no NMBU) og var tilsett der som statskonsulent i jordfag. Ein periode var han òg amanuensis og informasjonsdirektør. Skøien har undervist i jordfysikk og jordkultur og forska spesielt på jorderosjon. Han var med på å etablere dei første universitetskursa i økologisk landbruk. I ein kort periode var han òg tilsett som forskar på vassmiljøtiltak i NIBIO. Skøien har vore landbrukssjef i Ås kommune og fylkesagronom i Østfold fylke. Sidan 2017 var han tilsett i Norsk landbruksrådgiving med ansvar for klimatiltak i jordbruket og «Klimasmart landbruk».
Forfattere:
ISBN:
9788211046925
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
300
Verk:
Agronomi
Trinn:
VG2, VG3
Agronomi