Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Arbeidsmiljø og dokumentasjon, d-bok
Format

Digital ressurs

12 md. abonnement

Heftet

Digital ressurs i salg
149,-

Arbeidsmiljø og dokumentasjon, d-bok
Bygg- og anleggsteknikk Vg1

Denne læreboka støttar arbeidet til eleven med kjerneelementet «førebygging av helseskadar og ulykker». Forfattarane er opptekne av at eleven gjennom opplæringa oppdagar at eit godt arbeidsmiljø krev noko av oss alle ‒ at det å prestere, trivast og utvikle seg i arbeidslivet er avhengig av eit godt arbeidsmiljø. Bygg- og anleggsnæringa er ein risikoutsett bransje, og eit godt arbeidsmiljø krev at vi er årvakne og har den rette kunnskapen.

Innhaldet i læreboka er organisert i tre delar: I del 1, «Arbeidsmiljø», skildrar vi aktuelle rammevilkår for den norske arbeidslivsmodellen, organisering av bedrifter og arbeidsplassar og roller som verkar inn på helse, miljø og sikkerheit. I del 2, «Dokumentasjon», viser vi både lovpålagde krav til dokumentasjon, behovet for eigen dokumentasjon i bedriftene og korleis ein kan systematisere dette arbeidet. Del 3, HMS-handbok for elevar, inneheld skildringar av dei temaa som bedriftene legg vekt på ved inntak av nye medarbeidarar. Alle tema i læreboka blir avslutta med repetisjonsspørsmål og praktiske arbeidsoppgåver.

Serien Vg1 bygg- og anleggsteknikk:

  • Praktisk yrkesutøving
  • Praktisk yrkesutøving – del 2, særløpsfaga
  • Arbeidsmiljø og dokumentasjon
  • Teikningsforståing og 3D-modellering
  • nettressursen for bygg- og anleggsteknikk

Forfattere:
ISBN:
9788211038067
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
60
Verk:
Bygg- og anleggsteknikk
Trinn:
VG1
Arbeidsmiljø og dokumentasjon, d-bok