Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Format

Digital ressurs

12 md. abonnement

Heftet

Digital ressurs i salg
325,-

Automatiseringssystem 1, d-bok
Styringsteknikk og måleteknikk

Dette læreverket dekkjer den nye læreplanen i faget automatiseringssystem for Vg2 og Vg3 etter fagfornyinga.
Automatiseringssystem er eit læreverk som ønskjer å skape forståing, inspirere og pirre nyfikna til elevane. Læreverket består av to trykte lærebøker og ein nettressurs.

Automatiseringssystem 1 dekkjer temaa elektriske motoranlegg, mekaniske grensebrytarar og elektroniske sensorar, pneumatiske anlegg, PLS, datakommunikasjon og elektronisk kommunikasjon, dokumentasjon og systemforståing, målenøyaktigheit og kalibrering. I tillegg inneheld boka kapittel om måling av trykk, nivå, temperatur, gjennomstrøyming, turtal og posisjon.

Jon Eirik Standal Darre er utdanna fagskuleingeniør innanfor automasjon og har fagbrev som automatikar med bakgrunn frå prosessindustrien. Han har undervist i automatiseringsfaget i over ni år og jobbar no ved Laksevåg og Bergen maritime vgs. Med praktisk-pedagogisk utdanning og fem yrkespedagogiske vidareutdanningar går han no på masterutdanning.

Petter Skaraas er utdanna fagskuleingeniør innan industriell automasjon. Han har fagbrev som automatikar og skipselektrikar. I tillegg har han vidareutdanning frå OsloMet og UiB innan leiing, psykologi og coaching. Han har i største delen av karrieren hatt leiarroller i selskap som har automasjon og måling som kjerneverksemda si, mellom anna ti år som salsdirektør i Emerson.

Forfattere:
ISBN:
9788211044709
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
383
Verk:
Automatiseringssystemer
Trinn:
VG2, VG3
Automatiseringssystem 1, d-bok