Verket har alt for kvart årstrinn i éi elevbok: differensierte oppgåver, leksedel, regelsamling og fasit. Kapittelinndelinga i Tetra er knytt nært opp til hovudområda i læreplanen slik at det er oversiktleg å orientere seg i fagstoffet. Stoffet er strukturert i tre differensieringsnivå med definerte kompetansemål. Etter eit innleiande felleskurs kan eleven velje vanskegrad for det neste kurset på grunnlag av ein innlagd test lett å administrere for læraren, lett å velje for eleven.
I Tetra er språket enkelt og matematisk korrekt. Oppgåvene er mange og varierte med mellom anna utfordrande oppgåver for elevar som vil ha noko å bryne seg på. Læraren kan lett velje arbeidsformer for elevane og veksle mellom individuelt arbeid og samarbeid. Fargerike illustrasjonar og foto motiverer og skaper interesse for det matematiske emnet.
Tetra 8 treningshefte er eit oppgåvehefte for elevar som treng eit enklare opplegg. Heftet følgjer same oppbygging som grunnboka.
Tetra 8 treningshefte er eit eingongshefte.
Tetra 8 Treningshefte, d-bok er ein digital utgåve av papirboka. Med d-boken opnar det seg nye moglegheiter og er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett.
Tetra 8 Treningshefte, d-bok har også følgjande funksjonalitet:
- Utheving og notatar
- Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett
- Lagre og skrive ut uthevingar og notatar
- Favorittmerke sider
- Søkje etter ord eller frasar