Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
kommer Design med ord
Språk
Nynorsk
Format

Heftet

Bestill vurderingseksemplar
For lærere, fagansvarlige og forelesere
Forventes utgitt 20.12.2022
469,-

Design med ord
Ei innføring i innhaldsdesign og UX-skriving

Utan ord har du inga nettside eller digital teneste og ingen app. Det er på tide at orda får sin rettmessige plass i design av digitale brukaropplevingar.

Orda som folk brukar for å få gjort daglegdagse oppgåver, som å handle mat og betale rekningar, har flytta inn på digitale flater. Innhaldsdesign og UX-skriving tek tak i desse viktige orda frå starten av designprosessen og behandlar dei som ein del av den. 

Denne boka lærer deg å kombinere designmetodikk med skrivehandverket og bruke tekst og språk for å rettleie folk gjennom digitale brukargrensesnitt. 

Anten du er god til å skrive frå før og vil lære deg å bruke handverket ditt i design og tenesteutvikling, eller du er ein designar som vil utvide verktøykassa di og bli betre til å skrive brukarorientert: Denne boka skal sette deg i stand til å ta rolla som innhaldsdesignar frå start til slutt i ein designprosess.

Susanne Egset er innhaldsdesignar i Netlife, der ho hjelper store og små verksemder med profesjonell handtering av tekst og språk. Ho har bakgrunn frå PR- og kommunikasjonsbransjen og journalistikken – og er ein ekte språkentusiast. 

Boka baserer seg på år med erfaringar frå innhaldsdrivne designprosessar saman med ei lang rekke store og små verksemder, bedrifter, organisasjonar og etatar. 
Forfattere:
ISBN:
9788245037951
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
305
Design med ord