Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Din tur! Metodebok for aktiv norskopplæring
Språk
Nynorsk
Format

Heftet

Bestill vurderingseksemplar
For lærere, fagansvarlige og forelesere
På lager - sendes nå
449,-

Din tur! Metodebok for aktiv norskopplæring
Metodebok for læreren

  • Treng du tips til å aktivisere studentane dine?
  • Ynskjer du å variere undervisninga?
  • Synest du at det er vanskeleg å få alle til å snakke og bidra i klassen?
  • Ynskjer du at studentane skal ta meir aktivt del i eiga læring?

I denne boka finn du over hundre konkrete tips til korleis du kan aktivisere studentane dine. Enkle og systematiske øvingar blir forklarte med døme frå undervisning i norsk som andrespråk, men øvingane kan lett tilpassast andre fag både i grunnutdanning og høgare utdanning.

Dei didaktiske tipsa er solid grunna i forsking som viser at det å delta aktivt for å utvikle eigen kunnskap er avgjerande for læring ikkje minst for språklæring. For å bli god i eit språk må ein både høyre det, prøve det ut og bruke det. Når studentane får tid, plikt og rett til å delta og bruke si stemme i læringssituasjonen, får dei styrkt læringsmoglegheitene sine.

Toril Kristin Sjo er frå Halsnøy i Sunnhordland, men har budd i Oslo i nesten heile sitt vaksne liv. Ho er førstelektor i norsk som andrespråk og underviser i norsk for internasjonale studentar ved Universitetet i Oslo. Ho har halde mange kurs for lærarar, både i grunnskule, vaksenopplæring og høgare utdanning, mellom anna i samarbeid med Kompetanse Norge og Utdanningsetaten i Oslo.


Forfattere:
ISBN:
9788232103379
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
218
Din tur! Metodebok for aktiv norskopplæring