Dei materielle og immaterielle verdiane i samfunnet er fordelte gjennom eit komplekst system av rettar, frå tilnærma fri tilgang for alle, til klart avgrensa individuelle rettar. Utforminga av desse rettane er avgjerande for effektiv ressursutnytting, økonomisk, sosial og kulturell utvikling og for forvalting av naturmiljøet.
Boka drøftar utvikling av eigedomsrettsomgrepet og den raske utviklinga i eigedomsretten si samfunnsmessige rolle i vår tid under påverknad frå teknologisk utvikling, klima- og miljøutfordringa, globalisering og dematerialisering av eigedomsobjekta. Boka drøftar grunnleggjande eigedomsspørsmål i høve til dei komplekse og samansette verdiane i eit moderne samfunn og innhaldet i ulike individuelle og kollektive rettar til sentrale verdiar. Boka legg vekt på prinsipielle og metodiske utfordringar, men inneheld også grundige drøftingar av praktisk viktige rettar.
Ernst Nordtveit er professor i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet i Bergen, der han har arbeidd med mellom anna tingsrett, energirett og miljørett. Han har undervist i tingsrett og energirett og publisert artiklar og bokkapittel om ulike tingsrettslege emne. Han var sekretær for Sivillovbokutvalet ved utarbeiding av fleire lover, og har vore medlem av og leia lovutval om eigedomsrettslege emne.