Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Språk
Nynorsk
Format

E-bok

Heftet

Bestill vurderingseksemplar
For lærere, fagansvarlige og forelesere
På lager - sendes nå
449,-

Hjelpeprosessar og rettsbruk i Nav-kontor
Om sosialt arbeid og juss i arbeids- og velferdstenesta

Det er viktig å forstå grunnleggande tenking innanfor både sosialt arbeid og juss i arbeids- og velferdstenesta. I sosialt arbeid er kjernen å understøtte prosessar som fremmar problemløysing, meistring og deltaking. Jussen har fokus på rettar og rammer som ein del av løysingane, og rettsreglane utgjer normer for handling. Denne boka viser korleis rettsreglar og hjelpeprosessar samspeler ved Nav-kontor.

Rettleiarane i Nav-kontor har ulike faglege bakgrunnar, men dei forvaltar alle rettsreglar og utfører sosialt arbeid. Boka diskuterer sentrale tema der arbeidet er i dette skjeringspunktet, som kommunikasjon, samarbeid og skjønnsutøving. Målet er å utforske sider ved arbeids- og velferdstenesta som kan inspirere til fagleg diskusjon.

Boka er relevant for den som interesserer seg for arbeid i Nav-kontor. Ho er nyttig for studentar som treng å forstå bakanforliggande prosessar i fagutøvinga, og for Nav-tilsette som vil reflektere over sin eigen praksis.


Liv Jorunn Baggegård Skippervik er universitetslektor i velferdsrett ved Universitetet i Stavanger. Ho er utdanna sosionom og jurist og har lang erfaring frå arbeid i Nav-kontor.

Siv Oltedal er professor i sosialt arbeid ved Universitetet i Stavanger. Ho er utdanna sosionom og sosiolog og har brei forskarerfaring, mellom anna frå Nav-kontor.
Forfattere:
ISBN:
9788245034608
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
278
Hjelpeprosessar og rettsbruk i Nav-kontor