Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Språk
Bokmål
Format

Innbundet

På lager - sendes nå
999,-

Landslova

Kong Magnus 6. Lagabøters landslov av 1274 var ei stor, politisk driven samfunnsreform gjennom lovgjeving. Landslova var ei stor hending i både norsk og europeisk rettshistorie. Den var éi av berre tre riksdekkjande lovbøker i Europa på 1200-talet, som éi av to riksdekkjande lovbøker som regulerte samfunnet i si fulle breidde, og den einaste riksdekkjande lovboka som faktisk vart brukt. Dermed kom Magnus Lagabøters lovgjeving til å prega politikk, rettsliv og daglegliv i Noreg i 400 år, fram til den vart avløyst av Christian Vs Norske Lov i 1687. Dette gjer Landslova til kanskje det viktigaste dokumentet i norsk historie ved sida av Grunnlova av 1814. 

I denne antologien vert Landslova av 1274 undersøkt inngåande del for del av fjorten framståande mellomalderforskarar. Dei mange lovreglane vert brukte til å skapa eit bilete av politikk, rettsliv og daglegliv i Noreg på 1200-talet. Fram stig eit bilete av ein fargerik og mangfaldig periode i norsk historie, og av eit samfunn og menneske som på éi og same tid er annleis og attkjennelege i dag. 

Artiklane i antologien er skrivne av:
Thomas Eeg, Universitetet i Bergen
Gunnar Kjetil Eriksen, Norges arktiske universitet, Tromsø
Brage Thunestvedt Hatløy, Universitetet i Bergen
Anna Catharina Horn, Universitetet i Oslo
Gunnar Jansen, Bergen
Torstein Jørgensen, VID vitenskapelige høgskole, Stavanger
Leidulf Melve, Universitet i Bergen
Else Mundal, Universitet i Bergen
Magne Njåstad, professor, NTNU, Trondheim
Ole Albert Rønning Norby, Nasjonalbiblioteket
Per G. Norseng, Universitetet i Sørøst-Norge
Erik Opsahl, NTNU, Trondheim
Hans Jacob Orning, Universitetet i Oslo
Jørn Øyrehagen Sunde, Universitetet i Oslo

Forfattere:
ISBN:
9788245044041
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
451
Landslova