Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Språk
Flerspråklig
Format

Heftet

Bestill vurderingseksemplar
For lærere, fagansvarlige og forelesere
På lager - sendes nå
399,-

Norsk språkhistorie for lærarar

Norsk språkhistorie for lærarar er skreddarsydd for grunnskulelæraren, og denne andre utgåva av boka inneheld eit heilt nytt kapittel om språket i dansketida. Sentralt i Kunnskapsløftet 2020 står språkleg mangfald, variasjon og endringar i fortid og samtid, og i denne grunnleggjande innføringa tek forfattarane føre seg desse temaa i eit historisk perspektiv: frå urnordisk, norrønt og mellomnorsk til språket i dansketida, og til slutt fram til moderne norsk. I boka er det lagt stor vekt på å visa skulerelevansen til fagstoffet og korleis dette kan bli formidla i klasserommet.

Ingvil Brügger Budal (fødd 1975) er professor i nordisk språkvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. Ho er filolog, og er oppteken av tekst, språkbruk og språkbrukarar, både i eit diakront og synkront perspektiv. Budal har tidlegare mellom anna skrive om grammatikk og grammatikkdidaktikk, nynorskdidaktikk og norrøn omsett litteratur.

Karine Stjernholm (fødd 1978) er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Østfold. Ho er sosiolingvist, og er spesielt oppteken av språkideologi. Stjernholm underviser i språk og samfunn, fleirspråklegheit, språkplanlegging og språkhistorie på lærarutdanninga og på masterprogrammet Master i norsk i skulen.

Bernt Ø. Thorvaldsen (fødd 1976) er professor i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Han underviser i norsk språk og litteratur, er utdanna lærar og norrønfilolog, og han forskar på kultur og språk i norrøn tid, og på norskdidaktikk.



 

Forfattere:
ISBN:
9788245053647
Utgitt:
Utgave:
2
Sider:
236
Norsk språkhistorie for lærarar