Den femte utgåva av
Rettslære 2 er skriven til læreplanen i rettslære 2 som gjeld frå 1. august 2022. I tråd med intensjonen i fagfornyinga er omfanget av teori noko redusert. Gjennom djupdykk-oppgåver og utfyllande teori i nettressursen er det lagt opp til at elevane skal kunne utforske og gå djupare inn i nokre tema.
Boka er delt inn i desse ti kapitla:
- Rett og rettferd i ein rettsstat
- Juridisk metode
- Alminneleg strafferett
- Spesiell strafferett
- Erstatningsrett
- Forvaltningsrett
- Demokrati og menneskerettar
- Personvern
- Miljørett
- Dagsaktuelle juridiske problemstillingar
Læreverket for rettslære 2 består av læreboka Rettslære 2, lovsamling, oppslagsboka SVAR – Slik løyser du oppgåver i rettslære og nettressursar for elev og lærar.