Kultur og kommunikasjon er ein del av læreverket for vg2 sal og reiseliv frå Fagbokforlaget og dekker kompetansemåla i programfaget kultur og kommunikasjon.
Gjennom teori og praktiske døme presenterer boka yrkesretta kunnskap om kommunikasjon og kulturell påverknad, service- og vertskapsrolla, opplevingar basert på norsk og samisk kultur og natur, nettverk og yrkesetikk, konflikt- og nødsituasjonar, beredskapsplanar og førstehjelp, og system for kundeoppfølging.
Til kapitla er det «Bruk det du kan»-oppgåver, repetisjonsspørsmål, samandrag og praksisretta yrkesoppgåver.
Innlæringa av fagomgrep blir støtta av ei eiga omgrepsliste, og registeret med stikkord gjer boka lett å finne fram i.
Fagbokforlaget sitt læreverk for vg2 sal og reiseliv består av tre bøker og ein nettressurs med innhald både for elev og lærar:
- Forretningsdrift
- Innovasjon og marknadsføring
- Kultur og kommunikasjon
- Sal og reiseliv vg2 nettressurs