Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Språk
Bokmål Nynorsk
Bestill vurderingseksemplar
For lærere, fagansvarlige og forelesere
På lager - sendes nå
729,-

Menneskesinnet 1
Programfag studieforberedende

MENNESKESINNET 1 er eit læreverk for programfaget psykologi 1 på studieførebuande Vg2.

MENNESKESINNET 1 er oppdatert på psykologisk forsking. Når du har lese heile boka, er du godt førebudd på å studere psykologifaget vidare på universitet eller høgskule. Men boka er også lagd til rette for deg som berre vil ha ei innføring i kva psykologi er.

Begynn med å lese ingressane i starten av kvart kapittel, sjå på bileta og lese bilettekstane. Då får du ei rask innføring i dei enkelte kapitla. Du kan også lese gjennom ingressar og bilettekstar når du seinare vil repetere lærestoffet.

Bakarst i kvart kapittel finn du spørsmål som hjelper deg med å bli betre kjend med kapittelet. Du finn svar på alle spørsmåla i boka.

Legg merke til at alle viktige omgrep er utheva i teksten. Dersom du treng hjelp til å finne eit ord eller eit namn, kan du slå opp heilt bakarst i boka. Der står det ei alfabetisk liste over ord og namn og kva sider dei er omtalte på.

Verket er utvikla til fagfornyinga, i tråd med den nye læreplanen frå 2021. Du som er lærar, kan finne ei oversikt etter kapittel 10 som viser kva for kapittel som dekkjer kva for læreplanmål.
Forfattere:
ISBN:
9788211044006
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
192
Verk:
Menneskesinnet
Trinn:
VG2
Menneskesinnet 1