Intertekst essens vg3 er ein lettlesen versjon av
Intertekst vg3, norsk for studieførebuande utdanningsprogram.
Boka følgjer læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg. Ho eignar seg også for elevar som følgjer den ordinære læreplanen, men som har behov for ekstra støtte i norskfaget.
Intertekst essens har same struktur som hovudboka, og bøkene kan dermed brukast samtidig i klasserommet.
Fagstoffet er enkelt presentert, og sjangerkapitla gir trinn-for-trinn-hjelp til skrivinga. Både teori og tekstsamling har rikeleg med ordforklaringar. For elevar som følgjer ordinær læreplan, finst det tilleggsstoff på «Pluss»-sidene.
Tekstsamlinga er tilpassa målgruppa, med eit utval av tekstane i Intertekst vg3.
Boka har eigne nettressursar med mellom anna lese-, skrive- og munnlegverktøy, undervisningsopplegg og årsplanar.
Intertekst essens vg3 er også tilgjengeleg som digital bok og som lydbok.
Alle komponentane til Intertekst essens finst i både bokmåls- og nynorskversjonar.