Klar ferdig norsk!
Klar, ferdig, norsk! tek utgangspunkt i Læreplan i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar. I læreverket er det lagt vekt på dei fire hovudområda lytte og tale, lese og skrive, språklæring, språk og kultur.
Klar, ferdig, norsk! består av nettressurs, biletordbok, to arbeidsbøker, fem arbeidshefte og ei lærarrettleiing. Dei to arbeidsbøkene har det same innhaldet som dei fem arbeidshefta, men er organiserte med nivå 1 og nivå 2 i kvar si arbeidsbok.
Læreverket er temabasert med systematisk innlæring av ord og omgrep. Dette gir eit heilskapleg og godt læringsutbytte for fleirspråklege elevar.
Alle komponentane har ti tema:
- Familie Mat
- Skule og Bustad
- Årstider og Natur
- Kropp, Fritid og kjensler
- Klede og Transport
Nettressurs, biletordbok og arbeidshefte/arbeidsbøker dannar ei fleksibel læremiddelpakke for undervisning av enkeltelevar eller grupper i grunnleggjande norsk.