Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Kvalitativ metode i lærarutdanninga
Språk
Flerspråklig
Format

Heftet

Bestill vurderingseksemplar
For lærere, fagansvarlige og forelesere
På lager - sendes nå
469,-

Kvalitativ metode i lærarutdanninga

Kvalitativ metode i lærarutdanninga er ei metodebok som rettar merksemda mot korleis ein som lærarstudent kan utvikle ein heilskapleg forskingsdesign innanfor kvalitativ forskingsmetode. Boka byggjer særleg på Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanning og Lærerutdanning 2025. Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene, som legg vekt på kor viktig god metodekompetanse er hjå morgondagens lærarar.

Boka byr både på eit teoretisk og eit metodologisk grunnlag for kvalitativ forskingsdesign og nyttar ein del praksisnære casar og døme for å gjere stoffet meir relevant for lærarstudentar. I nokre av kapitla er det også lagt vekt på å kontrastere kvantitativ og kvalitativ forsking, nettopp for at lærarstudenten lettare skal forstå eigenarten ved kvalitativ metode og dei moglegheitene og avgrensingane metoden gir.

Kvalitativ metode i lærarutdanningen handlar om å gjere lærarstudenten i stand til å meistre det metodiske handverket gjennom lærarutdanninga. For å lære dette metodiske handverket er det viktig at ein evnar å skifte frå ein normativ til ein analytisk tenkjemåte. Gjennom ni kapittel med fokus på det mest essensielle for å utvikle ein god og koherent forskingsdesign gir boka lærarstudentane god trening i nettopp dette.

Boka er relevant for alle fagdisiplinar innanfor grunnskulelærarutdanninga og andre lærarutdanningar. Boka kan nyttast på både bachelor- og masternivå i lærarutdanninga. Ho er særleg relevant for grunnskulelærarstudentar som møter kvalitative metodar både på bachelor- og masternivå i utdanninga si.

Høyoppløst bilde

Bla i boken

Rune Johan Krumsvik er professor (dr.philos.) i pedagogikk ved Universitetet i Bergen og professor II ved Høgskulen i Volda.

Forfattere:
ISBN:
9788245027662
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
220
Verk:
Metode
Kvalitativ metode i lærarutdanninga