GRIP er eit læreverk for vaksne minoritetsspråklege som får opplæring i norsk, engelsk, samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggande nivå.
GRIP 1 Samfunnsfag Grunnbok dekker modul 1 i læreplan i samfunnsfag for førebuande opplæring for vaksne. Boka har åtte kapittel: 1 Verda, 2 Reiser og digitale verktøy, 3 Familiar, 4 Samfunn, 5 Menneskerettar, 6 Demokrati og deltaking, 7 Utdanning og 8 Arbeid.
Dette kjenneteiknar GRIP 1 Samfunnsfag Grunnbok
- Kvart kapittel inneheld ein hovuddel og ein fordjupingsdel
- Oppgåver etter kvar tekst gir rom for lesetrening og refleksjon
- Språkleg nivå tilpassa målgruppa
- Enkle setningskonstruksjonar
- Nesten utelukkande bruk av presens-setningar
- Moderat mengde fagomgrep
Boka er gjennomillustrert med fotografi, kart og andre illustrasjonar. Gjennomgangsfigurar gjer stoffet deltakarnært og enklare å snakke om.
GRIP 1 Samfunnsfag består av
- GRIP 1 Samfunnsfag Grunnbok (også som brettbok med innlesen lyd)
- GRIP 1 Samfunnsfag Arbeidsbok
- Nettressurs
Forfattarane
Ingrid Værum Larsen og
Mari Høivik har begge lang erfaring med undervisning av vaksne minoritetsspråklege. Værum Larsen har dei siste åra jobba som lærar i særskild norsk ved Kristianslyst ungdomsskole i Stavanger, og Høivik underviser ved Arendal voksenopplæring.