Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Språk
Bokmål Nynorsk
Format

Fleksibind

Bestill vurderingseksemplar
For lærere, fagansvarlige og forelesere
På lager - sendes nå
689,-

Grip Innføring i matematikk Grunnbok

GRIP er eit læreverk for fleirspråklege elevar og deltakarar som får opplæring i samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggjande nivå. GRIP Innføring i matematikk er spesielt tilrettelagt for elevar i ungdomsskulen og dekkjer kompetansemåla etter 2., 4. og 7. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet.

GRIP basisfaga
GRIP presenterer fagstoffet på ein enkel måte. Språket er tilpassa elevar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Det visuelle uttrykket er ryddig og enkelt, med variert bruk av foto og teikningar.

GRIP Innføring i matematikk gir eleven basiskunnskapar i matematikk og dekkjer kompetansemåla etter 2., 4. og 7. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet.

Eksempel på emne: tal, dei fire rekneartane, tid, geometri, prosent, mål og statistikk og sannsyn.

GRIP digitale ressursa
GRIP Portal er nettstaden til verket. Her finn du digitale ressursar til alle GRIP-faga. Læraren finn supplerande oppgåvemateriell til nedlasting og tips til undervisninga.

Komponenta i GRIP-serien:
GRIP 1 Samfunnsfag og naturfag
GRIP 2 Samfunnsfag og naturfag
GRIP 1 Matematikk
GRIP 2 Matematikk
GRIP Innføring i matematikk
GRIP Portal - fagnettstad med digitale bøker og oppgåvemateriell

Les meir på: www.fagbokforlaget.no/grip

Forfattaren Grete Angvik Hermanrud her lang erfaring med å undervise vaksne innvandrarar
i matematikk. Ho har tidlegare vore engasjert av Utdanningsdirektoratet for å lage eksamensoppgåver i matematikk for vaksne i grunnskuleopplæringa. Angvik Hermanrud er for tida knytt til Eining for vaksenopplæring i Trondheim. Forfattar Liv Hermanrud er lektor i realfag med spesialisering i fysikk og matematikk. Hermanrud har undervisningserfaring med fleirspråklege elevar i realfag.

Forfattere:
ISBN:
9788211023070
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
328
Verk:
GRIP
Trinn:
8, 9, 10
Grip Innføring i matematikk Grunnbok